facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
16.11.2016 13:58

Drikk og mannfolk

Av Margunn Vikingstad
Drikk og mannfolk

Tilleggsinformasjon

Anna Kleivas tredje diktsamling opnar med Peer Gynts klassiske flukt og utrop «Dikt og forbannet løgn!», for deretter å plassere meg i eit Paris langt bortanfor turistbrosjyrenes glansa bilde. Det er eit ritt eg har alle anlegg for å bli bergtatt av.

Til saman fortel dikta historia om eit eg som rømmer frå kjærleikstap i Norge, kjem til Paris, leiter etter arbeid, seglar på Seinen, flakkar frå bar til park til kyrkjegard og møter på gangstaren Didier le fou, om ikkje ei forelsking, så er denne galningen i alle fall nokon å stø seg til i landflyktigheita.

Dikta er ikkje drikkeviser i tradisjonell forstand. Samlinga liknar meir eit, stort dramatisk dikt i ibsensk ånd – der ein gris og ein fjøsnisse er med på lasset og der dikteget slik set blikket sitt, eit underleggjerande eitt, i det gjennomturistifiserte Paris så vel som norsk bygdekultur.

Til kråka tek deg. Dei to tematiske hovudlinjene i samlinga er storbyens sug og storbyens einsemd. I sirklar leiter eget ikkje berre etter meir drikk og mannfolk, men òg etter seg sjølv. Kleiva føyer seg med det inn i ein lang litterær tradisjon om byens metafysikk i både poesien og prosaen – frå Knut Hamsun til Cora Sandel, Olaf Bull, Sigbjørn Obstfelder og Rolf Jacobsen, for berre å nemne nokre norske eksempel – som fortel oss at ein ikkje forlèt ein storby utan at ein har fått merke av den.

Den litterære referanseleisten dikta er skrive over – dei beveger seg heile tida mellom det høge og det låge, mellom Peer Gynt-allusjonar og minnebokregler – blir somme stader i overkant maniert. Særleg diktsamlingas gode tilløp til variasjon mellom det burleske (som griseritt i Paris’ parkar) og det tenksame (som i diktet «CHEZ MOI» der eget i si einsemd flørtar med veggen og låser seg inn i eit tårn) mistar mykje av det eksistensielle trykket.

Alle rørslene, den jaga vandringa i Paris’ underverd, frå gravplass til bar, frå bord til bord, mellom sentrum og forstad, viskar ut skilja mellom dei ulike stemningane i diktsamlinga. Alt blir i høggir, òg einsemda – som blir overkøyrd av ein i overkant ivrig vilje til å knuse den stilreine byen med fantestykke, perlesmykke og grisehale.

Prosaisk poesi. Med tittelen «Hvem er redd for poesien?» hadde kollega Carina Beddari ei samlemelding av poesi på trykk her i avisa i fjor sommar (3.-9. juli 2015), der ho konkluderte med at trass i breidda i norsk samtidspoesi – der lågkomiske dikt eksisterer side om side med språkkritiske – skriv storparten av norske poetar i dag prosaisk. Vi har ein samtidspoesi som, om vi ser litt stort på det, verken er magisk, mytisk eller spesielt utilgjengeleg.

Med Drikkeviser frå Paris er Kleiva med på å motseie den diagnosen. For til liks med ein annan poet eg kan like, Erlend O. Nødtvedt, plasserer ho dikt – og drikkeviser – i ein kontekst som både er historisk og samtidig, og utøver på den måten ein tradisjonsmedviten poetisk praksis som gjer ablegøyer med dei litterære referansane sine og skjemtar med eit komisk alvor – og som nettopp slik blir både litt magisk og litt mytisk – men på same tid nokså tilgjengeleg.

Ligge rundt. Likevel er det noko som manglar i Drikkeviser frå Paris. Kanskje er det eg saknar rett og slett meir, ja … drikking. Meir drikking i bokstaveleg meining fordi dei dikta som tematiserer rusopplevingar jamt over er dei beste. Og eg ønskjer meg meir drikking i overført meining, det vil seie ei tydelegare poetisk forvandling.

Begge desse kvalitetane finst i diktet «SPRÅKOPPLÆRING»: «eg skjenker meg vin/ og pakkar meg inn/ i boksider, eg teiknar meg full/ av pennestrekar/ telefonnummer og franske frasar på handbaken, eg ligg/ rundt omkring/ på barar, eg ligg/ i hardtrening, trengte/ å bli litt meir galen, ugjennomtenkt». Her blir skjenkinga og skrivinga kopla saman og avlar fint glidande og overraskande tankerekker; frå å skjenke seg full til å teikne eller skrive seg full av franske frasar, frå å ligge rundt til å ligge i hardtrening – for å bli litt meir galen.

Meir drikk takk. På eit kritikarseminar på Norsk litteraturfestival på Lillehammer no i mai peikte kritikar og professor i nordisk litteratur Eirik Vassenden på eit problem ved poesikritikken – at vi manglar ein normalsamtale om poesi, at det ikkje berre må handle om meisterverka, at samtalen om brukspoesien ikkje finst, i motsetning til i romankritikken der ein snakkar om dårlege og middelmåtige bøker støtt utan at det er eit eksistensielt problem.

Dikta i Drikkeviser frå Paris er på ingen måte dårlege og dei er betre enn midt på tre. Spennet i bilda Kleiva bruker for å skape og omskape Paris kunne likevel med fordel vore større og slik gjort enkeltdikta meir distinkte. Grepet med å legge Bygde-Noreg over Paris blir litt for raskt statisk og det noko oppjaga tempoet i diktsyklusen som heilskap, lèt ikkje dei mange gode einskilddikta komme heilt til sin rett.

Så utan å bli heilt eksistensiell, Kleiva, skjenk meg heller skikkeleg full (neste gong)!









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.