facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
3.12.2017 17:57

Mors og fars synd

Av Kritikkportalen

Tilleggsinformasjon

I romanane til Vigdis Hjorths er det eitt spørsmål ein stort sett aldri kjem utanom: korleis leve modig og sant? I Arv og miljø, Hjorths nye roman, er hovudpersonen Bergljot så tett på spørsmålet at det skakar i prosaen grunnvollar og i romanens ramme.

Skakar slik det gjer i Hjorts julefortelling Julaften (2015) der eit eg uroleg, feberheitt skildrar julaftan saman med familien og der det å få seg berre eitt, og så eitt glas vin til, overstyrer alt mens ho tenker «Jeg må ikke bli full». Og skakar slik det gjer i Om bare (2001), ei intens og djupt nedbrytande kjærleikshistorie. Dette lett maniske ved Hjorts litteratur viser seg heilt ned på setningsnivå, i skrivemåte; korleis ho stadig vender tilbake til same motiv, eller resirkulerer og omformulerer scener og replikkar. For Hjorth er kanskje blitt den fremste fortolkaren av sin eigen litteratur – slik Karl Ove Knausgård er blitt det av sitt forfattarskap.

Romanen opnar med eit arveoppgjer; det står om to hytter på Hvaler. Dei to yngste barna i familien får hyttene, dei to eldste har vore der så lite. Bergljot vil i utgangspunktet ikkje ha noko hytte. Når ho likevel skiftar syn, handlar det først og fremst om kvifor Bergljot sjølv – og den familien ho ikkje lenger har kontakt med – ikkje opplever henne som eit sunt menneske.

Konfrontasjon. I ein til tider stakkato, uroleg og abrupt prosa viser Hjorth fram Bergljots sorg: at ingen i familien på noko tidspunkt har spurt henne om kva som faktisk skjedde den gongen faren var aleine med dei to eldste barna, mens mor var borte med dei to yngste, og kva som skjedde med Bergljot frå ho var fem til ho var sju år. Når Bergljot konfronterer foreldra, nektar faren, men i etterkant opnar han overfor mora opp for at noko kan ha skjedd. Mora på si side fullendar fornektinga i familien: « Da kunne jeg ikke vært gift med deg, sa hun og far lukket munnen.»

Romanen går langt i å stille faren i eit heller heldig og mora i eit totalt uheldig lys:  «Far trakk seg tilbake, men mor trakk seg ikke tilbake, mor ville ikke slippe meg. Far gikk over grensene mine i barndommen, så trakk han seg tilbake, for far visste hvor grensene gikk. Mor gikk over grensene mine år etter år, visste ikke hvor grensene gikk, var utydelig og uforutsigbar.»

Perspektivet er til å skjøne, samstundes seier det mykje om ein overgripars moglege negative definisjonsmakt over sitt barn.

Barndommens gate. Historia er dels fortalt i ein lett jaga prosa, som når Bergljot er i sine kjenslers vald og skriv hissige epostar til søstera på nattestid. Som ein kontrast til dette står små aforistiske prosastykke, mellom anna om venninna Klara og kva som skjer i henne når ho skjønar at faren ikkje drukna, men drukna seg. Klaras tap supplerer romanens tematisering av overgrep. Korleis ber vi med oss det vi har mista? «Det er barndommens gate, sa Klara, som er mitt vesens rot. Den ga meg et veldig alvor en dag jeg var vilt forlatt. Den drysset vemod i sinnet mitt en drivende regnværsnatt. Den slo meg en gang til jorda, for å gjøre hjertet mitt hardt, så dro den meg varsomt opp igjen og tørket tårene bort.»

I si poetiske form verkar desse partiane som ei lindrande motvekt til Bergljots oppjaga forteljing.

Dogmer og friheit. Romanen refererer fleire gonger til Thomas Vinterbergs dogmefilm Festen (1998) og brukar den både som ei spegling, men kanskje aller mest som ein kontrast til Bergljots historie. Mens sonen i Festen tar eit oppgjer med farens synder og familiens fornekting under ei stor fødselsdagsfeiring på eit dansk gods, prosederer Bergljot si sak på eit møte på eit revisorkontor.

Og mens sonen i festen har ein tvilling som sit på eit brev som beviser farens overgrep, har Bergljot ingen tvilling som gjer det same, for i verkelegheita finst det ikkje bevis: «Det er en fin film, Festen, men den er feil,» konkluderer Bergljot. Hjorths skrivemåte har aldri vore fundert i det finpussa. Snarare har den henta trykket frå bruk, gjenbruk og subtil ironisering over banaliserte formuleringar. I Arv og miljø er det som om Hjorth har forlatt det ironiske og lèt prosaen vere ruskete på ein annan måte; eit slags kampskrift i lett hektisk journalstil. Slik kan den kanskje òg lesast som ein dogmeroman i tråd med Vinterbergs og Lars von Triers opprør og dogmeidé; vekk med alt effektmakeri.

Den franske filosofen, forfattaren og feministen Simone de Beauvoir Det annet kjønn (1949) har vore viktig for forståinga vår av friheit, undertrykking og individuelt ansvar. I det moralfilosofiske essayet, Tvetydighetens etikkskriv Beauvoir om korleis vi menneske i utgangspunktet er frie til å skape vårt eige liv, frie til å forkaste autoritetar og tradisjonar, til å etablere nye verdiar – men at vi alltid òg bundne til andres friheit.

Arv og miljø viser kor avhengige vi er av andre for å skape vår eiga friheit. «Far var skyld i min ulykke, men ulykken ble alles og det sto ikke i min makt å utslette den. Den dømte min mor og min søster til å gjøre meg ytterligere ulykkelig, og selv kom de også til å lide under den,» reflekterer Bergljot og lèt si eiga ufriheit òg inkludere andre.

Fanga eller fri. Hjorts litterære og eksistensielle sannhetssøken, ein tydeleg vilje til å ta erfaringar på alvor, har gitt seg ulike utslag. I eit essay, «Jeg-ets botsgang . Om Knausgårds litterære jeg» i Vinduet (1/2014) etterlyser ho for eksempel brannen i Knausgård og presenterer «et uhørt ønske som det er uanstendig å fremføre», at Knausgård skriv ei ærleg og brutal bok om det Hjorth forestiller seg som parets skilsmisse, «en nådeløs og reflektert roman om skilsmisse sett fra den moderne mannens synspunkt […].»

Hjorths utspel overfor Knausgård viser kor grenselaus ho kan opptre, men opnar òg for å stille følgjande spørsmål: Når Knausgård er tydeleg på at romanane han skriv er sjølvbiografiske, slepper han då lesaren fri, òg til å skjøne, sjå og lese det han skriv som fiksjon, som konstruert? Og kva skjer når Hjorth tviheld på at Arv og miljø er fiksjon (Klassekampen 10. september) – men likevel påpeiker at «som alle andre forfattare, fortsetter hun, drar hun veksler på erfaringer fra eget liv»?

Sterk skrivemåte. I ei melding i Aftenposten skriv Ingunn Økland at Arv og miljø blir ståande å dirre i spenningsfeltet mellom liv og dikt og at romanutgivinga i hennar auge lettare lèt seg forsvare jo verkelegare incesthistoria er: «Skulle anklagene være oppdiktet, har både forfatter og forlag kastet et mistankens lys over en uskyldig person.» Store delar av den gode romanlitteraturen, frå Agnar Mykle til Marguerite Duras, set nettopp dette forholdet mellom fiksjon og verkelegheit i spel. Kvifor reagerer vi då med uro på slike tvetydige lesarkontraktar?

Kanskje heng det saman med at vi no er trent på å lese sjølvbiografisk litteratur, frå Knausgård til Édouard Louis, med det klart i tankane, at det både er liv og dikt, både konstruksjon og verkelegheit. Alt i Arv og miljø indikerer at Hjorth går dit det brenn, ja at det kanskje ikkje har brunne så sterkt i forfattarskapen sidan ho skreiv nøkkelromanen Om bare (2001).

Om bare reflekterer hovedpersonen Ida over korleis leve sant, korleis leve sannare: «Hvem er jeg, spør vi oss selv, den som svarer engstelig får et annet liv enn den som svarer modig på det spørsmålet.» Motivisk og krigarsk stiller Ida seg slik solidarisk ved sidan av Bergljot. I Arv og miljø handlar det ikkje først og fremst om forfatteren har tatt eit modig eller eit engsteleg val i høve til verkelegheita – hovudsaka er at Vigdis Hjorth har skapt ei sterk litterær form til eit svært ømtåleg tema. 

Anmeldelsen er publisert i Morgenbladet 16.09.2016. Den er gjengitt med forfatters tillatelse.









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.