facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
16.11.2016 14:10

Og alt skal vere kjærleik

Av Margunn Vikingstad
Og alt skal vere kjærleik

Tilleggsinformasjon

Om våren, den tredje utgivinga i Karl Ove Knausgårds årtidssyklus og brev til den yngste dottera, skil seg frå Om høsten (2015) og Om vinteren (2015) ved å vere ein samanhengande tekst, ein roman. Mens dei to tidlegare utgivingane med sine korte essay og sakprosatekstar var forsøk på å skildre og forklare verda for den ennå ufødde dottera – og i sin heilskap berre middels interessante – er det nærliggande å lese Om Våren som eit forsøk på å forklare kva foreldre den vesle jenta har fått tildelt. Den historia er sterkt bevegande å lese.

Svakast aleine. Det den stramt strukturerte romanen heile vegen navigerer ut frå og jamt vender tilbake til, med nokre fine kvileskjer i bilde av den svenske biletkunstnaren Anna Bjerger, er at Knausgårds kone – berre omtalt som «din mor» – prøvde å ta sitt eige liv da ho var gravid med dottera. Korleis skildrar ein noko så vondt, som ikkje er eins eige, utan å utlevere den andre? Og enda vanskelegare: Korleis forklarer ein det for eit barn at mor ikkje berre prøvde å gjere slutt på sitt eige liv, men implisitt òg ditt?

Knausgård gjer det med kjærleik, i eit fryktlaust og varsamt språk. I romanens mest bevegande parti skildrar han kona når ho er på sitt sjukaste, korleis ho lever i ei slags skuggeverkelegheit, nærmare døden enn livet, og at det då handlar om at det nesten ikkje lenger finst berøringspunkt mellom hennar verkelegheit og den verkelegheita resten av famlien lever i. Som Knausgård enkelt og klokt skriv til dottera: «Du forstår, denne verdens skjønnhet betyr ingenting dersom du står alene i den.»

Åh. Om våren utspeler seg over ein dag, frå soloppgang til solnedgang, og blir slik et punktnedslag i livet der Knausgård kan fortelje dottera om familien ho er født inn i. Dagen er fylt av huslege gjeremål, barn som skal vekkast, matast, bringast og hentast – og små, tette samtalar Knausgård har med dottera på stellebordet, i vogna, i bilen. Hovudprosjektet denne dagen, etter at alt det praktiske er unnagjort, er at han og den vesle dottera skal besøke kona som er lagt inn på sjukehus i Helsingborg.

Måten Knausgård evnar å veve saman det djupt håplause i konas sjukdom med det like djupt håpefulle i barnet ho og han saman har brakt inn i verda, gir meg lyst til å rope ut eit knausgårdsk «Åh». «Det gjør vondt å leve i blant», skriv Knausgård til dottera i ein av fleire passasjar som ville ha falt igjennom hos ein mindre forfattar, og set slik eit eksistensielt vektig punktum for heile romanen: «men det er alltid noe å leve for. Kan du huske på det, tror du?»

Den sinte faren. På mange måtar er Om våren ein destillert versjon av Min kamp. For i tillegg til å vere eit uglansa portrett av ein menneskesky far og og ei mor i naud, rommar romanen også essayistiske parti om litteratur, om film og refleksjonar om personlegheit, det knytingslause mennesket og sjølvmordet, for berre å nemne noko. Særleg heng boka saman med sjette bind av Min kamp ved å ta eit markant steg vidare inn i konas psykiske liding.

Det demonsterer ein vilje til å røre ved visse og framleis grunnleggande tabu. Knausgård gjer det ikkje berre med forståing overfor konas situasjon. Like mykje blottlegg han sin eigen sterke irritasjon over hjelpeløysa hennar. Nettopp det gir ikkje berre den sjuke eit slags vern, ved å trekke leserens blikk mot ham sjølv – den sinte ektemannen, den forbanna faren – men stadfestar òg ein sort opprørske og frigjerande sensibilitet. I Min kamp handla det om ein svimlande negativ narsissisme, i Om våren om ein svimlande kamp for å halde ein familie gåande.

Inderlegheitas apostel. «På den tiden da jeg så Liv Ullmanns film og leste Ingmar Bergmans bøker», skriv Knausgård ein stad i romanen «begynte jeg å tenke at den akademiske kunnskapen, den akademiske erfaringen, den intellektuelle innsikten, (…) ikke var noe annet enn en beskyttelse, mot det nakne livet. Og at de fleste bøker, filmer og kunstverk også var det. Dette stred imot alt jeg hadde lært, det var jo rene antiintellektualismen, men samtidig forente det seg med noe jeg alltid hadde visst, og fra og med slutten av tenårene hadde bekjempet, nemlig inderlighetens overlegenhet.»

I denne refleksjonen ligg noko av essensen og kvaliteten i Knausgårds prosa, ein friksjon mellom det intellektuelle og antiintellektuelle, mellom det høgstemte, ja til tider svulstige og det lett stillferdige – som igjen forplantar seg til noko genuint inderleg i Knausgårds prosa. Det er noko ein kan like eller ikkje like. Eg likar det skikkeleg godt. I Om våren brukar Knausgård denne inderlegheitas prosa svært vellukka til å seie noko djupt rørande om korleis alt vi gjer, handlar om å knytte oss til andre, om å opprette relasjonar som kjennest bestandige, som vi kan stole på varer.









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.