facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
5.10.2017 15:25

Romantriumf

Av Kritikkportalen

Tilleggsinformasjon

Karl Ove Knausgård har markert seg som ein banebrytande og grenseoverskridande forfattar. Debutboka Ute av verden (1998), som han fekk Kritikerprisen for, var kontroversiell i skildringa av ein 26-årig lærarvikar som forelskar seg i ein 13 år gammal elev. Oppfølgjarromanen, En tid for alt (2004), overraska ved å fortelje englane si historie på jorda.

No er Knausgård ute med første bok i eit nytt uvanleg prosjekt  ein roman som med seks band skal telje rundt 2.500 sider. På same måten som Marcel Prousts På sporet av den tapte tid kan Min kamp sjåast som ein nøkkelroman der «forfattaren» sjølv spelar hovudrolla. Knausgårds roman handlar såleis om «Karl Ove Knausgård», som til liks med Prousts «Marcel» -ønskjer å bli forfattar.

Det sjølvbiografiske er openbert til stades hjå Knausgård. Spørsmålet om biografi og ikkje biografi er likevel ikkje vesentleg for lesinga av romanen. Poenget må vere om Min kamp er god litteratur. Og det er eit spørsmål eg kan svare eit tydeleg ja til.

God litteratur. Først er det språket. Knausgård har i eit intervju før lanseringa kokettert med at det ikkje finst velforma setningar i romanen hans. Dette er berre tull. Språket er nettopp Knausgårds største føremon, saman med psykologisk innsikt og kompromisslaus forteljing.

Eit opplagt døme er opningssidene, ein slags tekst i teksten, om døden. Her slår den språklege krafta mot meg som eit bankande hjarte, allereie frå den suverene førstesetninga: «For hjertet er livet enkelt: det slår så lenge det kan.»

Dette er kanskje kvintessensen i romanen. Ja, for hjartet er livet enkelt. For mennesket er det motsett.

Hovudtemaet i første bok er forteljarens forhold til sin far. Og det er like komplisert og samansett som … eit menneske-hjarte faktisk er. Trådar av skam, skuldkjensle, distanse og brå nærleik tvinnar seg gjennom romanen. Det er tårer, mange tårer, utan at Knausgård nærmar seg det sippete eller sentimentale.
Komplisert. Og det er altså død.

Dei innleiande refleksjonane rundt død, og det døde, står i nært samband med forteljaren «Karl Ove Knausgård» si historie. For faren døyr berre veker før forteljaren debuterer som forfattar med romanen Ute av verden.

Jeg hadde skrevet den boken til pappa. Det hadde jeg ikke visst, men slik var det. Det var til ham jeg hadde skrevet. Jeg la fra meg manuset og reiste meg, gikk bort til vinduet. Betydde han virkelig så mye for meg? Å, ja, det gjorde han. Jeg ville at han skulle se meg.

Farsbilete. Min kamp teiknar eit farsbilete som ikkje kan seiast å vere til førebilete. Faren ligg som ein mørk skugge over heile oppveksten til «Karl Ove Knausgård», før han mot slutten av livet endar opp som isolert og alkoholisert.

Mot denne bakgrunnen reflekterer forteljaren over si eiga rolle som far, også her nådelaust og sjølvutleverande. Balansen mellom familieliv og forfattarliv blir skildra på ein ærleg og ikkje-mytologiserande måte.

Ikkje berre forholdet til faren, men også til broren Yngve får ein viktig plass i boka. Anten det dreier seg om dei praktiske detaljane rundt gravferda til faren, eller eit mislukka fellesintervju med Kjartan Fløgstad, er Knausgård ein meister til å skildre dei små «spenningane» i nære mellommenneskelege relasjonar.

Dette gjeld også i tilbakeblikka- på den kjenslevare oppveksten. Knausgård har i det store og heile «blikk» for det som kanskje ligg oppe i dagen, men som dei fleste overser   jamfør ei forteljing i boka om eit ansikt i sjøen.

Skarpt blikk. Også sjølvrefleksjonen i romanen er givande lesing, til dømes korleis forteljaren tenkjer om seg sjølv som student og forfattar-in-spe: Han er ein som les Adorno. Og Knausgård forstår seg på den fascinerande blandinga av stormannsgalenskap og litterær middelhavsfart som er felles for mange skrivande- personar.

Boktittelen Min kamp bør -lesast innanfor dette spennet, sjølv om eg er usikker på om han fungerer slik han skal. Det er sjølvsagt umogleg å ikkje tenkje på Adolf Hitlers Mein Kampf, noko Knausgård er fullt klar over. Spørsmålet er om tittelen sirklar inn eller står i vegen for romanprosjektet. Dette synest eg det er for tidleg å seie noko om etter første bok.

Kanskje kunne ein vente at prosjektet Min kamp, med sine seks fullskrivne band, også vil stå i eit tilsvarande spenn mellom det stort tenkte og det halvvegs utførte. Så langt verkar det betre enn som så. Det går allereie an å seie at Knausgård med Min kamp 1 har skrive ein roman som står fullgodt på eigne bein. Ja, meir enn det, han har skrive eit stort litterært verk. Og det kjem altså to bøker til før jul, tre til våren.

Norsk Proust? Dette kan altså bli av det heilt store. Ein Proust på norsk? Forfattaren maktar i første omgang å gjere «Karl Ove Knausgård» til ein person eg har lyst til å lese meir om. Så blir det spennande å sjå om han klarer å halde oppe nivået i 2.000 -sider til.

For å seie det med ei blødme frå fotballverda, som Knausgård sjølv er oppteken av: Første kamp er vunnen. Ballen er framleis rund. Men mitt tips går i retning av siger for -romankunsten. Tittelen kan diskuterast, men første bok i Karl Ove Knausgårds seksbandsroman Min kamp innevarslar ein siger for romankunsten.

Kritikk publisert i Vårt Land lørdag 19. september 2009. Den er gjengitt med forfatters tillatelse. 









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.