facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
16.11.2016 13:35

Forvilling inn i det verkelege

Av Margunn Vikingstad
Forvilling inn i det verkelege

Tilleggsinformasjon

Eg var nyleg i Paris for å snakke med kritikarar og forlagsfolk, rusle rundt i bokhandlarar og slik fylle inn ymse kunnskapshol om fransk samtidslitteratur. Da eg åt lunsj med ein fransk kritikar, snakka vi i staden i hovudsak om Marguerite Duras (1914 – 1996), mest kjend for romanane sine om fransk Indokina, særleg Elskeren (1984), og for manuset til filmen Hiroshima min elskede (1960). At Duras framleis er til stades i den franske litterære offentlegheita, er kanskje ikkje oppsiktsvekkande. At vi i Noreg derimot får utgivingar som supplerer Duras’ skjønnlitterære produksjon, er på ingen måte gitt.

I året for 100-årsmarkeringa av Marguerite Duras’ fødsel i 2014, gjorde forlaget TRANSFE:R suksess med den vesle utgivinga Å skrive. No kjem det eit nytt tilsig av små Duras-tekstar. Små i meininga fysisk nette, og tekstar i meininga anna enn romanar. Oktober gir ut samtaleboka Stedene, og Heinesen forlag er aktuell med Sommeren 80, ei rekke spaltetekstar som Duras hadde på trykk i avisa Libération sommaren 1980.

Politisk einsemd. Duras skriv spaltetekstane sine til Libération frå huset sitt i Trouville på Normandie-kysten. Ho lèt si eiga einsemd bli brote mot den daglege nyheitsstraumen, alt som skjer der ute i verda. Der Duras i andre tekstar lett kan blitt litt jålete i dyrkinga av einsemda, framstår den mer journalistiske Duras i Sommeren 80 i større grad som en samfunnsborger eg umiddelbart får lyst til å ha ein skikkeleg lang samtale med.

Den lysta oppstår særlig i måten Duras smidig koplar motviljen sin mot det dagsaktuelle og ønsket sitt om å vere til stades i verda der det skjer; korleis tekstane er nonsjalante i si yrkesløyse, i sine manglande tema og likevel genuint engasjerte når dei forvillar seg inn i politiske hendingar i samtida. Som da ho i ei av bokas tidlege tekstar manglar eit tema for den vekentlege spalta, ikkje får til å skrive, og dei ringer og masar fra Libération. I Uganda er det svolt, «det kan alle se», men så skjer det noko i, i Gdansk:

Gdansk, nei, nesten ingen kan se hva Gdansk er. Plutselig står sannheten klart for meg: Nesten ingen er ennå i stand til å kjenne lykken ved det som foregår i Gdansk. Jeg er alene, og i denne lykken. Jeg er i en ensomhet som jeg kjenner igjen, som vi kjenner igjen blant alle andre, uten noen utvei mer, ubotelig, den politiske ensomheten. Det er denne lykken, som jeg ikke kan fortelle noen om, som hindrer meg i å skrive.

Streiken blant verftsarbeidarane i den polske hamnebyen råkar henne sterkt, ho opplever at ei stor politisk omveltning er i emning (og ho har rett: Streiken blei byrjinga på slutten for Sovjetunionen), men ho har ingen å snakke med. Dei gamle vennene tar ikkje telefonen, så Duras ringer opplysninga og ber om nummeret til det polske flyselskapet. Ho vil til Gdansk.

For Duras består den politiske einsemda ho opplever i huset i Trouville i at folk ikkje lenger er i stand til å sjå den lykka Gdansk er, for den er revolusjonær, og den revolusjonære tanken har forlate folket. Òg mannen ho til slutt får snakke med frå det polske flyselskapet.

Parallelt nyheitsbilde. Duras’ blikk femner imidlertid ikkje berre om dei storpolitiske hendingane ute i verda, ho rettar det òg mot dei nære omgivnadene, og ho har nokre nokså sarkastiske merknader til stadens rike og mektige. Ho observerer, vandrar og skriv om vêr og vind på Normandie-kysten («Man burde skrive for en avis slik man vandrer gatelangs») – og ved å bruke flanørens blikk og konsentrere seg om det som i utgangspunktet berre og genuint interesserer Duras sjølv, skaper ho sitt sitt eige nyheitsbilde. Lese nesten 40 år etter, framstår det bildet både som påtakeleg aktuelt og tidlaust, og som Duras sjølv formulerer det i forordet: «nettopp det jeg syntes kjennetegnet Sommmeren 80, nemlig en forvillelse inn i det virkelige.»

Dei poetiske skildringane av vêr og vind, fint ivaretatt av omsetjar Gøril Eldøen, rammar inn og aksentuerer Duras’ rørsle inn i det verkelege. Havet og vêret er òg dei elementa i teksten som gjer det mogleg for Duras å veksle så smidig mellom ulike politiske hendingar, gjere spaltetekstane så tette, men likevel poetiske, engasjerande og lette å lese.

Eksistensielt perspektiv. Stedene, som er omsett av Hanne Ørstavik, har ein ganske annan tone enn Sommeren 80. Boka er basert på eit tv-program og består av bilde og replikkar frå ein samtale mellom Duras og dokumentarfilmskaparen Michelle Porte. Eit godt grep i denne omsetjinga er mellom anna å halde fast ved «De»-forma, som tilfører den nokså skriftlege forma i samtalen eit kledeleg uttrykk som meir enn å forsterke det skriftlege, aukar kjensla av å vere til stades i samtalen.

Verdien i Stedene ligg i Duras’ kommentarar til sine egne romaner og filmer og refleksjonane hennar om kva det vil seie å skape, bilde på film eller bilde i tekst. Et viktig poeng for Duras (som ho òg er inne på i Å skrive) er at det å skape eller fortelje alltid skjer på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, ei innsikt som leier vidare i nokre interessante birefleksjonar over ikkje berre korleis skape, men korleis leve, at òg der handlar det i utstrekt grad om å finne sin ståstad, eit perspektiv. Boka er supplert med fotografi frå Duras’ private album som yttarlegere utdjupar dette poenget.

Gå inn i si tid. I Å skrive avsluttar Duras med å hevde at å skrive ikkje er å reflektere. Hennar eigne tekstar seier noko anna. Særleg tekstane i Sommeren 80 demonstrerer korleis Duras sanseleg og granskande viser at sjølv om det skrivne kan vere like uføreseieleg som vinden eller havet, så har skrifta hennar ei tydeleg retning og ofte ein tydeleg politisk tanke. På den måten evnar ho å seie noko vesentleg både om sin eigen forfattarskap og om det å gå inn i ei samtid.    









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.