facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
4.9.2017 15:32

Margunn Vikingstad

Av Kritikkportalen
Margunn Vikingstad

Tilleggsinformasjon

Alder: 

– Eg er 45 år. 

Fødested og bosted: 

– Eg er fødd på Karmøy, har budd lenge i Oslo, men har nyleg flytta til Bergen. Og, det er berre til å innsjå og innrømme det: Vestlandet duger!

Annen viktig informasjon om deg: 

– Som frilansar har det i lengre tid vore viktig for meg å engasjere meg i ulike faglege og fagpolitiske verv, både i Norsk kritikerlag og i Norsk Oversetterforening.

Hvor skriver du kritikk, og om hva

– Eg skriv i Morgenbladet og hovudsakleg om norsk samtidslitteratur, samt omsett litteratur og så kjem det innimellom òg nokre drypp om den franske samtidslitteraturen (litteratur som (framleis) ikkje er omsett).

Når og hvordan startet du som kritiker? 

– Ikkje lenge etter at eg var ferdig med hovudfag i nordisk språk og litteratur spurde Cecilie Seiness, daverande journalist i Dag og Tid, om eg kunne vere interessert i å skrive i avisa. Eg som til da hadde vakla mellom bokmål og nynorsk blei overtydd om at det var på tide å make nynorsk great again og samstundes vere med på å gi samtalen om skjønnlitteratur den plassen den bør ha.

Er det emner eller kunstfelt du er spesielt opptatt av?

– Eg er vel grunnleggande opptatt av dei eksistensielle sidene ved det å skrive og det å lese, korleis samtidslitteraturen spesielt, men òg kunsten generelt, kan vere ein veg til å dissekere og diagnostisere samtida vår. Kunsten som ein veg til motstand eller opprør, og innsikt, ja, at litteraturkritikk òg er kulturkritikk.

Hva er viktigst akkurat nå?

– Å lese den norske samtidslitteraturen opp mot kva som elles blir skrive og kva som elles skjer i verda.

Hva er din faglige bakgrunn? 

– Eg har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo, frå 2000.

Har du annet arbeid i tillegg til ditt virke som kritiker? 

– Eg jobbar i tillegg som skjønnlitterær omsetjar og har òg vore i ulike prosjektleiarstillingar i det litterære feltet.

Hvorfor er du kritiker?

– Eg vil vel enkelt og greitt vere med på å diskutere kva som er god litteratur, kva som er dårleg litteratur og kvifor. Å lese litteratur og å skrive om litteratur handlar jo om å gjere seg opp ei meining om bokas estetiske kvalitetar. Men like mykje handlar det om å spørre på kva måte den aktuelle boka reflekterer over det livet vi lever her og no, korleis boka les etter samfunnet, om den gjer det på ein bra måte. For ei god bok må sette i gang nokre tankerekker som strekker seg ut over verkets estetiske kvalitetar. Eg ønskjer å bidra med mitt for at den offentlege samtalen om litteratur skal vere kritisk og god.

Hva er den største utfordringen med å være kritiker? 

– Det er å halde seg nok oppdatert, å få lese alt det ein ønskjer å lese ut over det ein sjølv skriv om og kritiserer. Og så er det jo òg ein økonomisk utfordring å prøve og delvis leve av å vere litteraturkritikar.

Er kritikken i krise, og hva kan vi i så fall gjøre med det? 

– Den er kanskje i krise for kritikken manglar i stor grad eit historisk medvit. Vi kritikarar har for lite kunnskap om og tar i liten grad inn over oss kven vi skriv i kjølvatnet av, i motsetning til mange av samtidsforfattarane våre. Samstundes finst det fleire teikn på at den ikkje er i krise. Særleg viser det seg ved at den gode litteraturkritikken som blir skrive no nettopp òg fungerer som kulturkritikk.




© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.