facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
23.4.2018 17:56

Merete Røsvik

Av Aslaug Olette Klausen
Merete Røsvik Foto: Priviat

Tilleggsinformasjon

Fødestad og bustad:

Født i Ålesund, oppvaksen på Godøy, bur no på Oppsal i Oslo.

Annan viktig informasjon om deg:

Eg har tre born, det har lagt premissane for alt anna i livet dei siste 14 åra. Og så er eg aktiv i Miljøpartiet De Grønne. I mai skal eg på mitt aller første landsmøte. Det er forfriskande å kome inn i eit miljø så fullt av idealisme, pågangsmot og vilje til handling.

Kor skriv du kritikk, og om kva?

Eg skriv fast, og oftast, i Bokmagasinet i Klassekampen. Elles skriv eg jamleg i BLA, Prosa og Littkritikk.no, og i det siste har det blitt både her og der, som i Vinduet, Samtiden og Mellom.

Når og korleis starta du som kritikar? 

Rett før eg fullførte hovudfaget i litteraturvitskap, altså ein gong i 2000, vart eg spurt om å melde ei bok for studenttidsskriftet Bøygen. Eg valde pamfletten Gudsskrekk av Torunn Borge fordi tittelen appellerte til meg som kristen, og endte opp med å vere ironisk nedlatande på klassisk studentvis både mot Borge og den teksten av Eivind Tjønneland som ho polemiserte mot – og som eg ikkje hadde lese sjølv.

Er det emne eller kunstfelt du er spesielt opptatt av?

Dei siste par-tre åra har eg vore oppteken av det politiske i litteraturen, kjensler og poesi – ikkje poesi som noko spesielt kjenslevart, altså, men parallelt; kjensler som tema og poesi som sjanger. Elles er mitt store idol Clarice Lispector. Etter å ha sett Sfinksen i Egypt skreiv ho (opprinneleg på portugisisk): «I did not decipher her. But neither did she decipher me.»

Kva er viktigast akkurat nå?

Akkurat no og i overskueleg framtid er miljøpolitikk det viktigaste. Det nest viktigaste er kampen mot aukande økonomisk ulikskap. Ved stor ulikskap smuldrar solidariteten og tilliten bort og det psykiske klimaet blir tøffare. Då er vel omsynet til miljøet det første som ryk ut av agendaen, både privat og politisk, så dei to tinga heng saman.

Kva er din faglege bakgrunn?

Eg kom til Universitetet i Oslo rett etter vidaregåande og gjekk dit nasen peikte. Det vart grunnfag i sosiologi, psykologi og så eit skikkeleg feilskjær; pedagogikk, før eg redda meg over til HF og litteraturvitskap. Der skreiv eg hovudoppgåve om den finlandssvenske poeten Gunnar Björling.

Har du anna arbeid i tillegg til virket ditt som kritikar?  

Eg har vore innom mykje forskjellig, men dei siste åra har eg jobba mest journalistisk. Akkurat no har eg eit kort vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Kvifor er du kritikar?

Fordi eg likar å lese og har eit sterkt behov for å skjøne verda. Eller – det siste begynner kanskje å gi seg. Ein kan jo bli desillusjonert etterkvart. No verkar det like forlokkande å oppleve slikt eg ikkje forstår, det er vel difor eg har blitt meir oppteken av poesi igjen. Men det viktigaste er at eg er glad i å skrive.

Kva er den største utfordringa med å vere kritikar?

Å behalde trua på seg sjølv.

Er kritikken i krise, og kva kan vi i så fall gjere med det?

Sivilisasjonen er i krise, og det er mykje meir alvorleg. At kritikken er i krise har eg eigentleg ikkje ei personleg oppleving av, men ein får stole på tala som viser at det blir trykt mindre kritikk i avisene. Eg trur at det beste kritikarar kan gjere for kritikken på sikt, er å bry oss mindre om vår eigen posisjon og meir om dei viktige emna i vår tid – og skrive om det som verkeleg betyr noko for oss. Det gjer mange forfattarar, og min jobb er å føre samtalen dei startar vidare. Eg meiner ikkje at vi skal slutte å slåss for betre arbeidsvilkår, for vi har like stor rett på anstendig løn og sosiale rettar som alle andre. Men det i seg sjølv vil ikkje gjere folk flest meir interessert i kva ein kritikar meiner er den mest subtile kunsten.




© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.