facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
21.12.2017 23:03

Sjur Haga Bringeland

Av Kritikkportalen
Sjur Haga Bringeland

Tilleggsinformasjon

Fødested og bosted: 

Fødd i Bergen i 1984, har budd i Leipzig/Tyskland sidan 2011.

Annen viktig informasjon om deg: 

Eg vel er den einaste avisjournalisten i Noreg som har i oppgåve å dekkja temaområda klassisk musikk, jakt og fiske.

Hvor skriver du kritikk, og om hva? 

Kritikar og skribent i Dag og Tid på niande året, der eg melder to til tre klassiske CD-ar kvar veke, melder bøker om klassisk musikk, jakt og fiske, og skriv kommentarar og meldingar frå musikkfestivalar.

Når og hvordan startet du som kritiker? 

Eg byrja på sett å vis som “metakritikar” i 2009. Reidar Storaas hadde nett kome med den store Geirr Tveitt-biografien sin, og denne blei meld av felespelaren Knut Buen i Dag og Tid. Eg hadde ein del å utsetja på biografien i seg sjølv, men dropen som fekk begeret til å renna over var den elendige meldinga Buen skreiv. Ikkje “elendig” i tydinga at Buen gav boka dårleg kritikk, men av di meldinga ikkje heldt mål. Nok om det – etter tre-fire rundar i ordskiftespaltene til Dag og Tid, der eg òg kritiserte avisa for å trykka dårlege tekstar, fekk eg telefon av Dag og tid-redaktør Svein Gjerdåker, som ville ha meg til å skriva klassisk musikk-kritikkar i avisa. Så balla det på seg – snart har eg min tusenendande kritikk. Men eg hugsar eg kava i byrjinga. Dei tre fyrste tre kritikkane eg skreiv gjekk rett i papirkorga på redaktørkontoret. 

Er det emner eller kunstfelt du er spesielt opptatt av?

Innanfor den klassiske musikken er den eldre musikken som er mitt spesialområde, særleg innspelingar og konsertar der den “historisk informerte framføringspraksisen” gjer seg gjeldande. Denne tolkingsskulen forfektar ein framføringsmåte der ein tek omsyn til den historiske konteksten musikken blei til i: Ein nyttar kopiar av historiske instrument og set seg inn historiske framføringspraksisar. Men sjølvsagt melder eg alle typar klassisk musikk. Ser ein statistisk på det, dominerer nok tysk musikk i spaltene mine; særleg lite er der av italiensk 1800-talsopera.

Hva er viktigst akkurat nå?

Eg veit ikkje korleis det er i Noreg. Men i Tyskland opplever eg at grensa mellom produktbloggaren og den tradisjonelle kritikaren er blitt uklår. Når eg ser klassisk musikk-kritikkbloggar (eller tilsvarande internettsider) der det er masse betalte annonser frå plateselskap, og CD-ar frå desse plateselskapa blir “meldte” på den same sida, då luktar det vondt. Vondt har det forresten lukta i Tyskland lenge. Festivalar og konsertarrangørar betalar masse for å oppnå omtale i avisene, dei flyr inn journalistar og musikkritikarar og spantar hotell og mat og drykk på dei. Er journalistane og kritikarane framleis habile då? Neppe. For norske journalistar i Noreg er slikt tabu. Men i Noreg, for norske festvalar, blir det òg nytta mykje pengar på å fly inn og hysa utanlandske kritikarar for slik å kjøpa seg omtale internasjonalt.   

Hva er din faglige bakgrunn? 

Eg har mastergrad i utøvande musikk frå Griegakademiet i Bergen, med blokkfløyte som hovudinstrument. Seinare tok eg ein magistergrad i musikkvitskap ved Universität Leipzig, der eg skreiv om instrumentasjonen i J.S. Bachs kantatar.  

Har du annet arbeid i tillegg til ditt virke som kritiker? 

Arbeider som vanleg journalist òg, særleg med reisereportasjar, og skriv for tida på ei reisebok om kunsten og kulturen i norditalienske byar. Elles er eg frilansmusikar og timelærar i musikkhistorie ved Griegakademiet i Bergen.

Hvorfor er du kritiker?

Eg blei kritikar på slump, så noko medvite val var det ikkje då eg byrja. Eg har alltid likt å skriva, og sidan eg uansett høyrer mykje på CD-ar og går på konsertar, er det jo perfekt å få driva med hobbyen sin og attpåtil få betalt for det. Det er sjeldan eg kjenner meg kalla til å vera kritikar. Dei gongane det hender, er det som regel av di eg er sint på noko eller nokon som driv med humbug, men likevel ikkje får nok pes for det i offentlegheita. Til dømes har det vore viktig for meg som kritikar å nytta røysta mi mot den utviklinga Festspillene i Bergen har hatt under Anders Beyer.

Hva er den største utfordringen med å være kritiker? 

Noreg er så lite at ein fort blir kjent med litt for mange innan sitt felt, noko som kan verka avgrensande for somme av kollegaane mine i Noreg. Eg som har budd i utlandet i sju år har sjølvsagt den fordelen at eg ikkje har mange norske vener att.

Men for dei fleste kritikarar er vel den største utfordringa i dag å få nok tekstar på tykk og å få godt nok betalt for dei. Det er vel mange som slit med å overtyda redaktørane sine om at det må nyttast pengar og spalteplass på kritikk. Heldigvis har eg ikkje dette problemet i Dag og Tid. Avisa har satsa og satsar framleis medvite på kritikk, noko som òg speglar seg i honorara og reiseutgiftene dei kostar på seg andsynes kritikarane.

Er kritikken i krise, og hva kan vi i så fall gjøre med det?

Eg ser jo at det blir stadig mindre kritikk i avisene og i radioen. NRK P2s klassisk musikk-kritikk er jo symbolet på utviklinga. Kva er att av P2s klassiskkritikk? Det er eit konkursbu. For min personlege del er ikkje kritikken i krise. Eg får skriva så mykje kritikk eg orkar, av di eg er heldig å arbeida i rett avis. Kva kan gjerast med ståa? Eg veit ikkje. Det må jo vera vilje i avisredaksjonane, men eg veit ikkje korleis eg skal kunna fremja denne viljen. Det er uansett viktig at ikkje kritikaren skal måtta krypa. Utan verdige vilkår bør ikkje kritikaren skriva kritikkar for nokon. 




© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.